tirsdag 6. september 2011

Tre veker i hovudstaden

Ein ting er sikkert: Det regnar minst like mykje i Oslo som det gjer i Bergen. Hvertfall så langt. Men heldigvis hender det at byen glimtar til med fine solskinnsdagar, og gjer kveldshimmelen sjåandes slik ut (tatt frå balkongen).

Eg, som aldri skulle flytte til Oslo, liker denne byen meir og meir. Eg stortrives her faktisk:) Bur i ein super leilighet, klassen og skulen er veldig bra, og så er jo sjølve byen ganske så fin den óg! (men ingenting slår Bergen sjølvsagt).

For å nevne éin av mange kjekke ting eg har opplevd så langt, så nevner eg Oslo domkyrkje. Der fekk eg nemleg vere med på ei jubileumsgudsteneste for kronprinsparet, den dagen dei hadde 10 års bryllaupsdag. Eg fekk vere ein av 200 "vanlige" gjester i kyrkja, og det var utruleg stas! Det var eit kjempefint program med nydelig solosang av bl.a. Susanne Sundfør og Solveig Slettahjell, tekstlesing av diverse kongelege, allsong, og fin tale av biskop Gunnar Stålsett. Heile kongefamilien var sjølvsagt der, pluss mangen andre kjende fjes. Og attpåtil så sat Valgerd Svarstad Haugland seg ved sidan av meg. Artig! Viss du vil sjå gudstenesta så kan du gå inn her.
Spør du meg, så har me tidenes finaste kronprinspar. Både på utsida og innsida.

Og så må eg til slutt nevne noko som skjer om intet mindre enn vel to veker: Eg reiser til Chicago! Huhei som eg gleder meg!

2 kommentarer:

Gunhild Marie sa...

huhei! :)

Anonym sa...

Kjekt å sjå liv på bloggen:) Godt du trivest, og Chicago e ikkje feil! Love Kristina