Linda Renate har kjøpt seg hus på Jørpeland. Og då tenke du sikkert sånn som eg tenkte først; "på
Jørpeland?!" Men veit du, Jørpeland er ein veldig fin plass! (eg vart positivt overraska) Og huset ho har kjøpt er jo berre heilt nydelig!
Kristina, Heidi og meg besøkte Linda denne helga som var, og det var ei fantastisk kjekk helg! Litt av det me gjorde på får det sjå bilete av nedover.
Berre for å vise litt av huset hennas, - her er spisestova med lysekrona og alt. Og viss du ser bilete endå nærmare får du sjå at ho er utrulig flink til å male óg! Kva er det Linda
ikkje kan??

Når me no først er inne på talent så må jo denne delikate pizzaen visast fram. Pizzaen (hvertfall bunnen) er laga av kanskje ikkje heilt typiske ingrediensar grunna mangel på enkelte "nødvendige" ingrediensar. Men god vart den, og til og med hjarteforma!

Når ein først er på Jørpeland og véret er over gjennomsnittet bra, så er ein tur på Preikestolen obligatorisk. Her er tre "normale" jenter veldig klare til å gå! :)

Skikkelig spreke.


Bileta taler vel for seg sjølv. Nydelig vér, nydelig utsikt, nydelige jenter!

Kristina og meg på Preikestolen

Litt sug i magen av å både sjå ned og å sitte med beina dinglande utom kanten (viser til forrige innlegg), men sånn skal det vere!

Fire meget fornøgde jenter!

Middag smakte veldig godt når me var vel framme igjen.


Søndagen var det blant anna grillings på gang, og heimalaga hamburger var stor suksess! Kjempegodt!

Litt utpå ettermiddagen traff me Randi og Johanne, og det var såå koselig! Eit fint, oppstilt bilete høyre jo med når ein så god gjeng er samla! :)

Det var litt av det den fantastiske turen hadde å by på, og eg håpar ikkje det blir altfor lenge til neste gong. Tusen takk til Linda som stelte godt med oss heile helga, og lot oss få komma på besøk!
Du er heilt super! :)
3 kommentarer:
Ååå, så koslig! Har hatt da så kjekt når dåke va her!
Og ekstra kjekt at du blei te mandagen! :D
(synd at klesvasken ødela da eina bilde.. Hehe)
Ps, har reparert bilen idag!:)
Såg koselig ut! Kti ska mi på tur? Mg å Maria he ein plan;-)
så kjempe koselig ut:)
vil bare anbefale Strand huskirker vis venninna di ønsker å bli en del av en menighet på Jørpeland:) ( vis hun ikke er endel av en meninghet enda da...:P)
-Marita
Legg inn en kommentar