Herre, du ransakar meg og kjenner meg.
Anten eg sit eller står, så veit du det,
langt bortanfrå merkar du mine tankar.
Anten eg går eller ligg, så ser du det,
du kjenner alle mine vegar.
Ja, før eg har eit ord på tunga,
veit du det, Herre, fullt og heilt.
Du kringset meg på alle sider,
du har lagt di hand på meg.
Det er for underfullt til å skjøna,
det er så høgt at eg ikkje kan fatta det.
Kvar skal eg fara frå din Ande,
kvar skal eg røma frå ditt åsyn?
Fer eg opp til himmelen, så er du der,
og reier eg lege i dødsriket, så er du der òg.
Tek eg morgonrodens venger på
og slår meg ned der havet endar,
så fører du meg jamvel der,
di høgre hand, ho held meg fast.
Og seier eg: «Lat mørkret løyna meg
og ljoset ikring meg verta natt»,
så er ikkje mørkret for mørkt for deg,
og natta er ljos som dagen,
ja, mørkret er som ljoset.
For du har skapt mitt indre,
du har vove meg i mors liv.
Eg takkar deg fordi eg er skapt
på skræmeleg underfull vis.
Underfulle er dine verk,
det veit eg så vel.
Mine bein var ikkje dulde for deg
då eg vart skapt i løyndom
og forma djupt i jorda.
Du såg meg då eg var eit foster,
i di bok vart alt skrive opp;
mine dagar fekk si form
før ein einaste av dei var komen.
Kor høge dine tankar er, Gud,
kor veldig summen av dei!
Vil eg telja dei, er dei tallause som sand;
kjem eg til endes med det, er eg enno hjå deg.
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar