tirsdag 14. februar 2012

Fin helg!

I helga som var fekk eg besøk av desse to vakre jentene! Kristin og Maria tok turen frå Bergen til Oslo for å besøka meg, og det var veldig koselig! Ein set ekstra stor pris på beøk når me bur så langt frå kvarandre og ikkje ser kvarandre så ofte.

Bileta er tatt av Kristin, og fleire bilete finn du på bloggen hennas.

Tusen takk for besøket og velkommen igjen! :)

onsdag 8. februar 2012

ei lampe på himmelen.

Det var nydelig fullmåne i går kveld! Eg har ikkje så god erfaring med å ta bilete ute i mørket, men mine første måne-bilete må eg sei eg vart fornøgd med. Men så var det jo ikkje så mørkt heller då, sidan månen lyste så fint:)


tirsdag 13. desember 2011

Når lysene slukkes

No har klokkene stilna, songen forstumma

Mørket har falt over jord

Det er jul, det skal feirast, men ikkje som før

for ein plass står tom rundt vårt bord


Og eg tenke på livet, og gleda du gav oss

Som eg sakna at du er her

Ser ditt smil gjennom tårer, høyre di stemma

Det er nesten som du er nær


Når lysene slukkes, og mørket har falt

Då kjenner eg smerta og savnet

Når lysene slukkes og gjester har gått

Då treng eg handa som løftar meg opp

Då treng eg håpet om himmelen


For slekta skal komme og slekta skal gå

Det er sånn livet er på vår jord

Men det evige håpet er gjemt i mitt hjerte

Og du nære det med dine ord


At ein dag skal me møtast bak mørkre som skil oss

At ein dag skal me sjåast igjen

Det er løftet som strålar for barnet i krybba

Det er derfor Han sendte sin Son


video

Skrive av Martin Alfsen med tanke på 22. juli, og sunge av Christer Mørkved og Linn Røen sammen med Reflex. Nydelig sang!

onsdag 30. november 2011

ein liten pause.

For øyeblikket har eg heimeeksamen. I populærmusikkhistorie. Postpunk på 80-talet og postmodernisme på 90-talet e det det går i. Men no trengte eg ein pause, så korfor ikkje eit blogginnlegg.
Eg e flink til å skape julestemning inne, for ute e det lite hjelp å få. Med det milde véret som e no, så kan me sjå langt etter snøen.. Det e stort sett regn, storm og sol om ein an. Har egentlig aldri heilt forstått meg på dette véret i Oslo..
Det e sikkert mange som meiner pakke-adventskalender berre e for unga, men eg syns det e så koselig at eg har det sjølv! Eg laga til Karina og ho laga til meg. Veldig kjekt å ha noke å gleda seg til kvar dag i desember, når eg e midt oppi eksamen og semesteroppgave. :)

Dette bildet e tatt heime i fjor vinter. Det e ønsketenking for korleis jula og vinteren skal sjå ut i år. Det e berre ikkje det same utan snø.

torsdag 27. oktober 2011

fredag 21. oktober 2011